Alon Shvut
Alon Shvut | |||
אַלּוֹן שְׁבוּת, Allon Shevut | |||
landsby | |||
Namneopphav: Oak of return | |||
Land | Palestina | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Gush Etzion | ||
Koordinatar | 31°39′17″N 35°7′40″E / 31.65472°N 35.12778°E | ||
Folketal | 3 066 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1970 | ||
Alon Shvut 31°39′17″N 35°07′40″E / 31.654722222222°N 35.127777777778°E | |||
Kart som viser Alon Shvut.
| |||
Wikimedia Commons: Alon Shvut |
Alon Shvut (hebraisk skrift אַלּוֹן שְׁבוּת) er ei israelsk busetjing som ligg sørvest for Jerusalem, ein kilometer nordaust for Kfar Etzion, på den okkuperte Vestbreidda. Han vart grunnlagd i juni 1970 i hjartet av Etzion-blokka og vart prototypen for jødiske busetjingar i regionen.[2] Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune og er nabobusetjing til Neve Daniel, Elazar og Efrat.[3] I 2010 budde det 700 familiar i Alon Shvut.[4] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[5]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Alon Shvut tyder «tilbakekomst-eika», og er ein referanse til at jødane kom tilbake etter å ha blitt drive bort frå Gush Etzion av den arabiske legionen frå Jordan i 1948 etter Kfar Etzion-massakren.[6][7][8] Den 700 år gamle Kermes-eika (Quercus calliprinos)[9] er heilag for arabarane, med namnet Ballutet el Yerzeh (Yerzeh-eika).[10][11][12] Han er godt synleg i Gush Etzion og vart kjend som «den einsame eika». Busetjinga vart grunnlagd like ved eika, som er rekna som eit symbol på fornying og framhald. Eika er med i kommunevåpenet.[12]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alon Shvut ligg på staden der slaget ved Beth Zechariah vart utkjempa mellom makkabearane og selevkidane etter at selevkidane leid nederlag i Jerusalem. Den antikke byen Beth Zechariah, nord i Judea, er identifisert som ruinane av Khirbet Zechariah, mindre enn ein kilometer nord for Alon Shvut. Han vart rekna som det nærmaste området til Jerusalem der makkabearane kunne utnytte topografien til å blokkere den nordlege framrykkinga til selevkidane, etter at makkabearane tapte slaget ved Beth Zur.[13]
Alon Shvut ligg ved den eldgamle vegen til Jerusalem, som er markert med romerske milepålar. Ein har funne mange mikvehar i åsane kring området, som ein trur har blitt brukt av pilegrimar på veg til tempelet i Jerusalem.[14][15]
Busetjinga Alon Shvut var planlagt av Moshe Moskovic, som hadde vore medlem av busetjinga Masu'ot Yitzhak i Etzion-blokka før 1948. Hæren inviterte han attende til området like etter seksdagarskrigen. Han sette i gang planar om å rekonstruere Gush Etzion som eit regionssenter.[16] Dei første nybyggjarane flytta inn 25. juni 1970, og ein offisiell grunnleggingsseremoni vart halden den 5. juli.[17]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Alon Shuvut ligg nord i Judeafjella kring 950 meter over havet og har relativt kjølige og tørre somrar. Vintrane er milde, med ein del regn og litt snø kvart år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta May 13, 2014.
- ↑ Katz, Yosef (1998). Between Jerusalem and Hebron: Jewish Settlement i Pre-State Period. Tel Aviv: Bar Ilan University Press. s. 274. ISBN 965-226-195-5. Henta 3. desember 2011.
- ↑ «Welcome to Elazar». Elazar website. Elazar. Arkivert frå originalen 12. november 2011. Henta 3. desember 2011.
- ↑ «Nefesh B'Nefesh Community Guide for Alon Shvut». Nbn.org.il. Henta 20. april 2012.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
- ↑ Goshen-Gottstein, Esther R. (2002). Surviving widowhood. Jerusalem: Gefen Publishing House. s. 9–10. ISBN 965-229-287-7. Henta 17. november 2011.
- ↑ Peter Abelow. «On and Off the Beaten Track in … Gush Etzion». Jewish Action Online. Henta 13. november 2011.
- ↑ Batsheva Pomerantz. «Gush Etzion – Inspiration from the lone oak». Jerusalem Post. Henta 13. november 2011.
- ↑ «Trips on the Trail of Trees». Israel Ministry of Jordbruk. Henta 17. november 2011.
- ↑ Claude Reignier Conder and H.H. Kitchener (1881). Edward Henry Palmer, red. The Survey of Western Palestine. Palestine Exploration Fund. s. 388.
- ↑ «The Palestine Exploration Fund Maps». Tile 21: The Digital Archaeological Atlas of the Holy Land. Arkivert frå originalen 9. februar 2012. Henta 17. november 2011.
- ↑ 12,0 12,1 העץ הבודד Arkivert 2011-09-30 ved Wayback Machine. Kfar Etzion website
- ↑ Bezalel Bar-Kochva (1989). Judas Makkabeus: The Jewish Struggle Against the selevkidane. Cambridge University Press. s. 310–311.
- ↑ Katznelson, Natalya (2006). «Early romersk Glass Vessels from Judea». AIHV Annales of the 17th Congress (Antwerp University Press) 8: 167. Henta 8. november 2011.
- ↑ Goren-Rosen, Y. (1999). «The glass vessels from the miqveh nær Alon Shevut». Atiqot (Israel Antiquities Authority) 38: 85–90. ISSN 0792-8424. Henta 8. november 2011.
- ↑ Esther R. Goshen-Gottstein, Surviving widowhood, Gefen Publishing House Ltd, 2002 s.5
- ↑ Gorenberg, s.401 n.75