[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Borrelås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit borrelås består av to delar: eit stykke med ørsmå krokar og eit ulne motstykket med løkkeformede trådar.

Borrelås er ein festemekanisme som vert brukt for å lukka og halda saman klesplagg, sko, vesker, reimer og anna. Låsen består av to flate stykke som er laga av plast og sydd eller limt fast til kvar sin del av det som skal låsast saman. Det eine stykkjet består av små, tettsitjande og fleksible plastkrokar, det andre er eit motstykke med tilsvarande løkkeforma plasttrådar og hemper. Når ein presser delane saman, hukar krokane seg fast slik at sambandet vert fast, men tøyelig. Ein opnar borrelåsen att ved å rykka dei to stykka frå kvarandre.

Borrelåsane er enklare å handtera enn knappar, hekter, glidelåsar og lisser, og vert difor ofte brukt på ytterklede og sko for barn. Borrelås vert òg ofte brukt for å stramma til fritidsplagg omkring hals, armar og bein. Tidlegare var det gjerne trykknappar på slike klesplagg.

Borre
Sersjant i den amerikanske hæren 2005 iført kamuflasjeuniform som vert lukka med borrelås og glidelås.
Kabelstroppar eller festestrimlar laga av borrelås.
Joggesko av merket Geox med borrelås i staden for skolisser.

Låsemekanismen har namn etter planta borre (Arctium) der dei modne fruktene har piggar som lett hukar seg fast i dyrepels og klede.

Handelsnamnet på den meste kjende varianten av borrelås er Velcro. Oppfinnaren, sveitsaren namn George dei Mestral, sette ordet saman av velour («fløyel») og crochet («krok»). Han vart interessert i korleis enkelte frø stadig festa seg på klede og dyrepels, og såg at frøa var pigga, men med krokar i staden for spissar. Til dømes endar dekkblada på fruktene på borre i ein skarp krokspiss som hektar seg fast i passreande dyr og menneske forbi slik at plantefrøa vert spreidde.

Patentet stammar frå 1941, men oppfinninga vart til å byrja med ikkje særleg velsett, sidan dei første materialane hadde dårleg verknad.

I dag finst borrelås på klesplagg, skotøy, vesker, tasker og anna der det er bra å ha ei god kopling som er lett å opna og lukka og som kan verta litt tilpassa i lengd eller vinkel. Borrelåsstrimlar kan kjøpast i metervis i eit utal fargar, og kan verta fast sydd eller limt. Det vanlegaste materialet for borrelås er nylon og polyester. Spesialversjonar med teflon, polyester og glas vert brukt i romfart.

Borrelåsar er lette å festa og opna, noko som gjer dei vanskelege å bruka på stadar med høg strekkbelastning. Skofabrikanter har difor gjerne ført ein festestrimmel gjennom eit firkanta «auge» eller ein smygstol, og lagt strimmelen tilbake derfrå framfor borrelåsfestet. Det meste av belastninga vil då ikkje dra direkte på borrelåsen, slik at han held lukkinga. Intensiv langvarig bruk vil likevel etterkvart slita ut festeevna, slik at låsen kan verta upåliteleg. Krokdelen av borrelåsen kan dessutan slita på andre tøydeler med ullen overflate, til dømes ved maskinvask.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]