Bitjug
Utsjånad
Bitjug | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 840 km² | ||
Lengd | 379 km | ||
Middelvassføring | 18,2 m³/s | ||
Munning | Don | ||
Bitjug 50°37′33″N 39°55′18″E / 50.625833333333°N 39.921666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bityug River |
Bitjug (russisk Битюг) er ei elv i Tambov og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 379 km lang og har eit nedslagsfelt på 8 840 km². Elva har ei middelvassføring på 18,2 m³/s.
Bitjug renn sørover Oka-Don-sletta og gjennom ein brei og stadvis myrlendt dal. Vestsida er høg og skogkledd, medan austsida er låg og hovudsakleg består av dyrka steppeland. Det meste av vasstilførselen til elva kjem frå snøsmelting.
Elva er islagt frå desember til mars/april. Byen Bobrov ligg ved elva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bitjug» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2008.