[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Biljardspelet Carambole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carambolebord på Mundal Hotel i Fjærland.

Carambole er ein type biljard som blir spelt på eit biljardbord utan hol. Den mest spelte varianten er trevallars carambole (3-Cushion), der spelaren skal støte ei kule og treffe begge dei andre kulene og støte innom tre vant – kantane på biljardbordet – før spelkula treffer den siste kula. Rekkefølgja er ikkje viktig.

Spelet har fått namn etter frukta carambole (stjernefrukt), som òg er namnet på den raude kula.

Ein får eitt poeng for kvart korrekt støt og får då halde fram spelet; ved feil tek motspelar over. Minuspoeng finst ikkje. Det finst reglar for hopp- og massestøt. Ein vinn ein kamp gjennom å nå eit avtalt tal med poeng, ofte rundt 40. Settspel til 15 er òg vanleg.

Carambole vert spela på eit bord utan hol. Bordet er oftast 10×5 fot stort. Større og mindre bord finst, men proporsjonane skal alltid vere to til éin. Borda blir ofte varma opp for å minske friksjonen mellom kule og filt.

Det blir spela med spesielle kuler som er litt større og tyngre en vanlege biljardkuler. Ein bruker tre kuler: Ei kvit og ei gul kule – som dei to spelarane har som sine spelkuler – og den nøytrale raude kula.