[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Brukar:Mynas-19

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mynas-19 har tilhald på sentrale Austlandet, og er fødd i Oslo. Eg redigerer vel mest like mykje på nynorsk- som på bokmåls-Wikipedia, og tykkjer det er flott at begge prosjekta eksisterer jamsides. (Og så skulle eg gjerne kunne samisk òg, slik at eg kunne teke del i det prosjektet - men det kan eg dessverre ikkje.)

Eg har (for lenge sidan) funne ut at det ofte er best å omsetje t.d. engelske eller tyske artiklar til nynorsk, heller enn til bokmål. Eg tykkjer det då er enklare å bringe vidare den norske språklyden i tekstane. Så kan ein eventuelt seinare omsetje vidare frå nynorsk til bokmål.

Eg skriv og snakkar greitt norsk, engelsk og tysk, i tillegg forstår eg dei andre skandinaviske språka. Så har eg også noko kjennskap til nederlandsk - som gjer at eg av og til vel å omsetje tekstar frå nederlandsk Wikipedia: Etter å ha brukt litt tid på nl:wp ser eg at det prosjektet kanskje ikkje er mellom dei beste når det gjeld kjeldebruk, men nederlendarane er flinke til å økonomisere med språket - og skrive artiklar som er "rett på sak" og innhaldsmetta. Ofte gir det eit godt grunnlag når ein vil omsetje ein artikkel.

Så kan eg litt færøysk og islandsk også - kanskje eg skulle opprette slike "Babel-boksar" her? :)

Eg har vore aktiv på Wikipedia i mange år, nærmare ti - trur eg, men helst som uinnlogga brukar. Så har eg til tider vore frustrert over prosjektet og administratorane og det eg tykte var maktdemonstrasjonar meir enn konstruktiv dialog. Men dette har eg valt å leggje bak meg. Eg bed om orsaking for alle tær som er tråkka på.

Ver velkomen til å kontakte meg om det er noko du/de lurar på.

Beste helsing til alle frå Mynas-19