[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Libhye

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei, kan du ver snill å stoppe de massive geonamneendringane i artiklar, fram til du har fått en aksept frå samfunnet her? --Roar (diskusjon) 14. august 2018 kl. 16:32 (CEST)[svar]

OK, då sluttar eg å redigere fram til laurdag, jamvel om alle rettingane mine er til former som er obligatoriske i nynorsk. Er det ikkje komme innvendingar innan då, held eg fram. Libhye (diskusjon) 14. august 2018 kl. 16:47 (CEST)[svar]
Eg sjekka fleire av endringane opp mot Språkrådet sine sider, og det ser ut til å vera berre rett retting (altså ikkje vekktaking av godtekne namn). Det er innanfor retningslinene, meiner eg. --Ranveig (diskusjon) 14. august 2018 kl. 20:55 (CEST)[svar]
Ranveig, meiner du at Det kaspiske havet, Det arabiske havet etc. ikkje er gangbar namneform etter det Språkrådet tilrår? Skal ein òg skrive Osmanriket i staden for Det osmanske riket? Om namneformene er valfrie på norsk, blir det eit spørsmål om ein skal gjennomføre eins praksis gjennom alle artiklar, eller variere språket. --Roar (diskusjon) 18. august 2018 kl. 10:38 (CEST)[svar]
Slik eg forstår Språkrådet, har Arabiahavet, Indiahavet og Kaspihavet berre denne forma på nynorsk i lista over stadnamn. I forklaringa til lista står det: «Når eit namn har ulik form på nynorsk og bokmål, står nynorskforma før skråstreken.» Eg har aldri høyrd om forma Osmanriket, det trur eg blir noko anna. --Ranveig (diskusjon) 18. august 2018 kl. 10:50 (CEST)[svar]
(edit conflict) På nynorsk er det obligatorisk med Kaspihavet og Arabiahavet. På Wikipedia følgjer vi offisiell rettskriving. Libhye (diskusjon) 18. august 2018 kl. 10:53 (CEST)[svar]
Vi bør følge tilrådingane om namneformene frå Språkrådet, ser no at endringane dine blir 'rette vegen'. Fint om du held fram med dei. --Roar (diskusjon) 18. august 2018 kl. 11:13 (CEST)[svar]

Namn på andre språk

[endre wikiteksten]

Hei. I utgangspunktet skal berre oppslagsord uthevast i artiklane, og berre (ny)norske namn er oppslagsord på Nynorsk Wikipedia. Namn på andre språk og målformer skal i innleiinga i utgangspunktet i parentes, uavhengig om dei er offisielle eller ikkje. --Njardarlogar (ordskifte) 8. september 2018 kl. 17:39 (CEST)[svar]

Dette har ein altså gjort eit unnatak frå på bokmål, og dei same argumenta kan ein bruke for nynorsk. Troms står i lova som «Troms eller Romsa». Libhye (diskusjon) 8. september 2018 kl. 17:45 (CEST)[svar]
Har du ei lenkje til nb der ein kom fram til eit slikt unnatak? Mange kjelder nemner Kongeriket Noreg som det offisielle namnet på Noreg, og det er for tida utheva i artikkelen her. Bokmålsforma er derimot ikkje utheva, og nynorskforma er heller ikkje utheva på nb. --Njardarlogar (ordskifte) 8. september 2018 kl. 17:55 (CEST)[svar]
Dette gjeld for samiske og kvenske namn. To brukarar kom fram til denne løysinga her i 2014, og fire brukarar diskuterte framstillinga av samiske og kvenske namn i artikkelen om Kåfjord kommune her tidlegare i år utan at det kom fram motførestillingar til det som er konsekvent praksis på Wikipedia på bokmål/riksmål. Libhye (diskusjon) 8. september 2018 kl. 18:12 (CEST)[svar]
Brukardiskusjonar er ikkje gode for den slags drøftingar, dei vert lite synlege for dei fleste. I alle fall, om du vil gjennomføra dette på nn bør du få støtte frå fleire. Frå meg får du sterkaste mogelege motsegn mot praksisen. --Njardarlogar (ordskifte) 8. september 2018 kl. 18:58 (CEST)[svar]
Eg føreslår at du legg opp til ei avrøysting i WP:Samfunnshuset dersom du meiner vi skal innføre ein ny praksis, der andre nemningar enn oppslagsorda skal vere i feit skrift. Så vidt eg veit er vi to mot deg i dette tilfellet. --Bjarkan (diskusjon) 10. februar 2019 kl. 19:36 (CET)[svar]

Mjølne / Mjolne

[endre wikiteksten]

Hei. Er det nokon særskild grunn til at du valde å gjera om Mjølne til Mjolne? Eg har aldri sett forma før og Grunnmanuskriptet frå 1935 nyttar Mjølne. Elles har Mjølne betre samsvar med alle andre norrøne ord med -jǫ-, m.a. mjøl, mjølk (< mjolk, mjǫlk), mjød, mjødm og mjøll.

Grunnmanuskriptet frå 1935:

Mjølne (myt.) hamaren åt guden Tor, HFo; gn. mjǫllnir, "knasar".

Eiliv (diskusjon) 5. november 2021 kl. 16:18 (CET)[svar]

På Nynorsk Wikipedia følgjer vi Språkrådet, som har Mjolne på lista si over historiske namn: https://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/navn-pa-steder-og-personer/Historiske_navn/Historiske_navn_G_N/#m. Libhye (diskusjon) 6. november 2021 kl. 04:08 (CET)[svar]