Gunhild Følstad
Gunhild Følstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. november 1981 (43 år) Namsos |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2007 |
Gunhild Bentzen Følstad (fødd 3. november 1981) er ein tidlegare fotballspelar frå Overhalla i Nord-Trøndelag. Som klubbspelar for Trondheims-Ørn vann ho to seriegull, 2001 og 2003, og eitt cupgull, 2001. Ho spelte 76 landskampar for Noreg i tida 2003-08 og fekk med seg EM-sølv i 2005.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]I 2000 flytta Følstad til Trondheim og melde seg til teneste for Trondheims-Ørn. Perioden 2001-08 spelte ho fast på midtstoppar-plass for Ørn. Allereie i sin fyrste heile sesong tok klubben dobbel-triumf, med siger i både serie og cup. Etter bronsemedalje i 2002, vann Følstad sitt andre seriegull i 2003. Sidan fekk ho med seg sølvmedaljar i serien i både 2004 og 2006.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Ho debuterte for Noreg 2. august 2003 i Ålesund. Landskampen mot Nigeria enda med heimesiger 3-2, Følstad kom då innpå som innbytar etter at Trine Rønning hadde vorte matchvinnar. Ganske snøgt fekk Følstad fast plass i den norske fyrste-ellevaren, alltid som sideback. I 2005 vann ho EM-sølv under europameisterskapen i England, finalen i Blackburn enda med 1-3-tap for Tyskland. To år seinare spelte ho bronsefinale i VM 2007, i Shanghai tok USA tok bronsen med 4-1. Følstad var fast på landslaget til ho la opp etter 2008-sesongen. Ho skåra sitt einaste landslagsmål då ho i mai 2006 fastsette sluttresultatet 3-0 i kampen Noreg-Serbia.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM-sølv 2005 med Noreg
- Seriemeister 2001 og 2003 med Trondheims-Ørn
- Cupmeister 2001 med Trondheims-Ørn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gunhild Følstad» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2014.