[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Faith Kipyegon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faith Kipyegon


Statsborgarskap Kenya
Fødd 10. januar 1994 (30 år)
Bomet
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 1500 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 1500 meter kvinner

Faith Chepngetich Kipyegon (fødd 10. januar 1994) er ein kenyansk friidrettsutøvar frå Bomet fylke i det sørvestlege Kenya som tevlar i mellomdistanseløp. Ho vart olympisk meister på 1500 meter i Sommar-OL 2016, 2021 og 2004. Kipyegon er også trefaldig verdsmeister på distansen: 2017, 2022 og 2023, samt verdsmeister 2023 på 5 000 meter. I 2023 forbetra ho verdsrekorden på så vel 1500 meter, som på 5 000 meter. Pr august 2024 er Kipyegon verdsrekordhaldar på 1500 meter med tida 3.49,0.

19 år gammal sette Kipyegon sette kenyansk rekord med sterke 3.56,9. To år seinare kneip ho sølvmedaljen på distansen i Beijing-VM. I mai 2016 forbetra ho landsrekorden to gonger, fyrst til 3.56,8 i Shanghai og der etter til 3.56,4 i Eugene i Oregon. 16. august 2016 var ho uimotståeleg i innspurten på 1500 m under sommarleikane i Rio de Janeiro. Året etter vart ho mykje meir pressa i avslutninga på VM-finalen i London, men lukkast vinne ein ny gullmedalje.

Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha kneip Kipyegon sølvmedaljen på ny kenyansk rekord: 3.54,2, likevel var ho sjanselaus mot nederlandske Sifan Hassan. I juni 2021 flytta Kipyegon landsrekorden til 3.53,9, for så den 10. juli i Monaco til 3.51,0. Den 6.august 2021 forsvarte ho den olympiske meistertittelen då ho i Tokyo vann klart og sette olympisk rekord på 3.53,1.

Medaljehaustinga heldt fram i dei komande meisterskapane. Både under VM 2022 og VM 2023 vann Kipyegon 1500-meteren. I 2023-VM deltok ho også på 5&nbp;000 meter, og etter eit løp i moderat tempo lukkast ho spurte i mål til si andre gullmedalje. Også under Sommar-OL 2024 dobla Kipyegon løpsprogrammet. Noko overraskande vart ho slått av landskvinna Beatrice Chebet i finalen på 5 000 meter. Fem dagar seinare var Kipyegon atter klart best av alle på 1500 meter og tok dermed sitt tredje strake OL-gull, nokon ingen annan har gjort.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Women's 5000m Final Results» (på engelsk). International Olympic Committee. Henta 7. august 2024.