Kosmisk bakgrunnsstråling
Utsjånad
Kosmisk bakgrunnsstråling er stråling som er jamt fordelt overalt i universet og restar av den særs intense elektromagnetiske strålinga ein hadde i byrjinga av universet og vert rekna som ein av dei store stadfestingane av big bang. Sidan universet har utvida seg har strålinga mista mykje energi og den noverande bakgrunnsstrålingar svarar til strålinga frå ein lekam med temperaturen -270 °C, som berre er tre grader over det absolutte nullpunktet.
Den kosmiske strålinga vart oppdaga tilfeldig i 1965.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stabell, Rolf (14. februar 2009), «Kosmisk bakgrunnsstråling», Store norske leksikon, henta 13. august 2014