[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Kamtsjatka oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamtsjatka oblast
Камчатская область
oblast
Flagg
Symbol
Land Mal:Landdata Russland, Sovjetunionen
Region Fjerne Austen
Del av Den fjernøstlige føderasjonskrets
Hovudstad Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Språk russisk
Tidssone UTC +12
Bilnummer 41
Kart
Kamtsjatka oblast
55°N 159°E / 55°N 159°E / 55; 159
Kamtsjatka oblast på kartet over Russland.
Kamtsjatka oblast på kartet over Russland.
Kamtsjatka oblast på kartet over Russland.
Wikimedia Commons: Kamchatka Oblast

Kamtsjatka oblast[a] var ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen fram til 1. juli 2007. Hovudstaden var Petropavlovsk-Kamtsjatskij, arealet 472 300 km² og innbyggjartalet 358 801 (2002). Den nordlege delen av Kamtsjatka oblast utgjorde tidlegare det sjølvstyrte distriktet (okrug) Korjakia. Korjakia var både ein del av Kamtsjatka oblast, og samstundes eit eige føderasjonssubjekt. Denne litt forvirrande situasjonen tok slutt 1. juli 2007, då Kamtsjatka oblast og Korjakia vart slått saman til det nye føderasjonssubjektet Kamtsjatka kraj. Dette vart godkjend i ei folkerøysting 23. oktober 2005.

Utsikt frå Petropavlovsk-Kamtsjatskij til vulkanen Avatsja (2741 meter høg).

Ved folketeljinga i 2002 var folket i Kamtsjatka oblast for det meste etniske russarar (80,9 %). 5,8 % var ukrainarar. Den største urfolksgruppa var korjakar, som utgjorde 2,0 % av folketalet. Desse bur hovudsakleg i Korjakia, der dei utgjorde 26,7 % av folket. Som i mange andre delar av arktisk Russland var folketalet i Kamtsjatka oblast sterkt minkande. I 1989 var folketalet 471 932. Frå 1989 til 2005 sokk folketalet med 25,4 %. Over halvparten av folket budde i hovudstaden Petropavlovsk-Kamtsjatskij (196 000 i 2005).

Urfolka korjakar, itelmenar, evenar, aleutar og tsjuktsjarar budde på Kamtsjatka før russarane kom dit. Russarane nådde først Kamtsjatka på slutten av 1600-talet, mellom anna ved ekspedisjonane til Semjon Dezjnjov og Vladimir Atlasov. På 1700-talet var det etablert permanente russiske busetjingar på Kamtsjatka. Petropavlovsk vart grunnlagd som festning i 1740. I 1812 budde det om lag 3200 urfolk og 2500 russarar i området. Petropavlovsk vart angripen av ein britisk-fransk styrke under Krimkrigen i 1854, men vart ikkje erobra. Etter at Alaska vart seld til USA i 1867 mista området betydning for Russland, og på slutten av 1800-talet oppretta amerikanarane fleire handelsstasjonar i området. Etter den russiske revolusjonen oppnådde Sovjetunionen kontroll over området i 1923. Kamtsjatka oblast låg under Khabarovsk kraj fram til 1956 då det vart eige oblast.

  1. russisk Камчатская область Kamtsjatskaja oblast

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kamtsjatka oblast