Jiuhua Shan
Utsjånad
Jiuhua Shan | |||
tradisjonell kinesisk 九華山, pinyin Jǐuhuá Shān | |||
fjell | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Jiuhua Shan 30°28′56″N 117°48′16″E / 30.482222°N 117.804444°E | |||
Wikimedia Commons: Jiuhuashan |
Jiuhua-fjella eller Jiuhua Shan er mellom dei fire heilage fjella for buddhismen i Kina. Jiuhua ligg i Qingyang fylke i Chizhou, i provinsen Anhui. Fjellområdet er berømt for sitt vakre og grøderike landskap, og for dei mange historiske templa.
Mange av heilagdomane og templa er vigd 'Ksitigarbha', på kinesisk kjend som 'Dìzàng', ei bodhisattva som vernar dei levande i Naraka («helvetet»), i fylgje den buddhistiske tradisjonen kalla Mahayana. Gudfryktige buddhistar vitjar ofte Anhui for å klive til topps på Tiantai. Fjelltoppen vert halde for å vere den viktigaste toppen i Jiuhua, trass i at han ikkje er den høgste.
Den religiøse tradisjonen går tilbake til 700-talet. På det meste var det ei 360 tempel i fjellområdet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Jiuhua Shan sett på avstand
-
Tempel på toppen av Tiantai
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mount Jiuhua» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2012.