[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Malin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malin Akerman ved New York Fashion Week i 2008.
Foto: David Shankbone

Malin er ei opphavleg svensk form av det greske kvinnenamnet Magdalena, som betyr «frå Magdala». Magdala var i følgje Bibelen ein liten by i Galilea, og namnet er kjend gjennom den bibelske skikkelsen Maria Magdalena.

Malin har norsk namnedag den 22. juli og svensk namnedag den 10. desember. Nærskylde namn er Mali, Malena og Marlene.

Namnet Malin blei danna i Sverige på 1500-talet. Det var særs utbreidd som døypenamn på 1970- og 1980-talet. I 2005 var det over 40 000 svenske kvinner som heitte Malin.

Malin var svært lite brukt i Noreg før ca 1960, men har vore blant dei mest populære døypenamna i Noreg frå ca 1990, og var på ti på topp-lista i perioden 19962000. I 2008 var det 8 142 kvinner i Noreg som heitte Malin.

Kjende namneberarar

[endre | endre wikiteksten]

Oppdikta personar

[endre | endre wikiteksten]

Malin er òg det russiske namnet på byen Malyn i Ukraina.