[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Manama i Ajman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manama
by
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Ajman
Koordinatar 25°19′49″N 56°1′40″E / 25.33028°N 56.02778°E / 25.33028; 56.02778
Kart
Manama i Ajman
25°19′48″N 56°01′19″E / 25.33°N 56.021944444444°E / 25.33; 56.021944444444
Kart som viser Manama i Ajman.
Kart som viser Manama i Ajman.
Kart som viser Manama i Ajman.
Wikimedia Commons: Manama, Ajman

Manama er ein liten by i Dei sameinte arabiske emirata, ein eksklave i emiratet Ajman. Området er hovudsakleg nytta til jordbruk.

Etter perleindustrien forsvann seint i 1920-åra, utpeikte herskaren i Ajman, sjeik Rashid Al Nuaimi, Manama som eit område som kunne utviklast til å bli «brødkorga» i Ajman og investerte i mange avlingar, mellom anna papaya og sitrontre. Det vart òg dyrka to særleg fine variantar av villhonning frå sidr- og simr-tre.[1]

  1. Wilson, Graeme (2010). Rashid, Portrait of a Ruler. UAE: Media Prima. s. 68–71. ISBN 9789948152880.