[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

San Lazzaro degli Armeni

Koordinatar: 45°24′43″N 12°21′41″E / 45.411979°N 12.361422°E / 45.411979; 12.361422
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Lazzaro degli Armeni
øy
Land  Italia
Kart
San Lazzaro degli Armeni
45°24′43″N 12°21′41″E / 45.411979°N 12.361422°E / 45.411979; 12.361422
Wikimedia Commons: San Lazzaro degli Armeni (Venice)
Postkort frå 1800-talet av San Lazzaro degli Armeni

San Lazzaro degli Armeni (armensk Սուրբ Ղազարոս Կղզի, ‘St. Lasarus-øya’) er ei lita øy i Venezialagunen, like vest for Lido. Heile øya er dekt av eit kloster, som er moderhuset til Mekhitaristordenen. Øya er eit av dei fremste sentera for armensk kultur i verda.

Øya ligg noko isolert frå dei andre øyane som danna sjølve byen Venezia, og dette gjorde at ho vart nytta som karantenestasjon og ein koloni for spedalske frå 1100-talet av. Derfor fekk ho namn etter heilage Lasarus, vernehelgenen for dei spedalske. Ho vart forlaten på 1500-talet og i 1717 vart ho gjeven av styresmaktene i Venezia til ei gruppe armenske munkar som hadde rømd frå tyrkisk forfølging fem år tidlegare og som no var under paven sitt vern. Mekhitar og dei sytten munkane hans grunnla eit kloster, gjenreiste den gamle kyrkja og gjorde øya 30 000 m² større, om lag fire gonger så stor som ho opphavleg var.

Gravert kross frå hagen på San Lazzaro degli Armeni

Den kloke grunnleggaren gjorde mekhitaristordenen til eit av dei fremste sentera for orientalske studiar. Klosteret gav ut historiske, språkvitskaplege og litterære verk frå og om Armenia og vart kjend for lærdskap og nøysemd, i tillegg til dei vakre bøkene. San Lazzaro har i dag eit bibliotek med 150 000 bøker og eit museum med over fire tusen armenske manuskript og mange arabiske, indiske og egyptiske lekamar som vart samla inn av munkane eller som dei fekk i gåver.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

45°24′43″N 12°21′41″E / 45.411979°N 12.361422°E / 45.411979; 12.361422