[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Susilo Bambang Yudhoyono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Susilo Bambang Yudhoyono

Fødd9. september 1949 (74 år)
Pacitan, Aust-Java
Statsborgar avIndonesia
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedMilitary Academy
Webster University
IPB University
U.S. Army Command and General Staff College
Sepuluh Nopember Institute of Technology
United States Army Airborne School
Ranger School
Fort Moore
EktefelleKristiani Herrawati
BarnAgus Harimurti Yudhoyono, Edhie Baskoro Yudhoyono
Alle verv
  • Indonesias president (2004–2014) Sjå dette på Wikidata

Susilo Bambang Yudhoyono (fødd 9. september 1949) er ein indonesisk general og politikar som var president i Indonesia frå 20. oktober 2004 til 20. oktober 2014.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Javanesarar har ikkje etternamn i vestleg forstand, og namnet Yudhoyono er ikkje arva etter foreldra hans. I indonesiske media blir han ofte omtale berre som Susilo.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Pacitan i provinsen Aust-Java i ein mellomklassefamilie. Faren var offiser i hæren. Yudhoyono gjekk inn i hæren, på befalsskule, i 1970. Frå 1975 til 1976 var han i USA og fekk militær trening på Fort Benning. Etter at han kom attende til Indonesia vart han stasjonert på Aust-Timor som del av den indonesisk okkupasjonsstyrken. Yudhoyono har vorte skulda for krigsbrotsverk frå denne tida, men har aldri blitt tiltalt.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1981 til 1982 jobba han ved hærens hovudkvarter, og vart igjen send til USA for vidareutdanning. Han fekk òg militær trening i jungelkrig i Panama. Han har òg gjennomgått militære kurs i Belgia, Tyskland og Malaysia. Gjennom denne tida steig han jamt i gradene i militæret. I 1986 var han bataljonskommandant. Frå slutten av 1980-talet hadde han posisjonar i administrasjonen i hæren. I 1993 var han stabssjef for den personlege staben til hærsjefen, general Edi Sudrajat. Frå 1995 til 1996 var han militær observatør hjå SN-styrken i Bosnia-Hercegovina (UNPROFOR).

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Under hendingane som førte til diktatoren, general Suharto, sitt fall i 1998 tok Yudhoyono del i tingingar med opposisjonen. Under overgangen til demokrati var han med på å gjennomføra reformer i hæren. I 1999 vart han minister for gruver og energi i regjeringa til president Abdurrahman Wahid, og avslutta militærkarrieren sin, med grad av generalløytnant. I 2000 vart han minister for politikk og tryggleik. I denne rolla hadde han ansvaret for å gjennomføra skiljet mellom militæret og politikken. Etter at Megawati Sukarnoputri vart president i 2001 heldt Yudhoyono fram som minister for politikk og tryggleik. I denne rolla leia han jakta på dei ansvarlege for Bali-bombinga i 2002.

I 2001 vart partiet Partai Demokrat stifta, som eit støtteparti for Yudhoyono, og for å fremja sjansane hans som presidentkandidat ved presidentvalet i 2004. Yudhoyono stilte som kandidat mot den sitjande presidenten Megawati Sukarnoputri. Han vann første valrunden den 5. juli med 33,6 % av røystene, og slo Megawati med 60,9 % av røystene i andre valomgang den 24. september.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Susilo Bambang Yudhoyono