[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Pesaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pesaro
by
Piazza del Popolo i Pesaro
Land  Italia
Region Marche
Provins Pesaro og Urbino
Areal 126,77 km²
Folketal 95 376  (1. januar 2023)
Borgarmeister Luca Ceriscioli
Postnummer 61100
Retningsnummer 0721
Kart
Pesaro
43°54′37″N 12°54′48″E / 43.91015°N 12.9133°E / 43.91015; 12.9133
Wikimedia Commons: Pesaro

Pesaro er ein by ved Adriahavet i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pesaro og Urbino i regionen Marche og har om lag 90 000 innbyggjarar.

Hovudnæringane er fiske, møbelproduksjon og turisme.

Byen vart grunnlagd som Pisaurum av romarane i 184 fvt. som ein koloni i området til Piceni, folket som levde i Marche i jernalderen. Ein busetnad som høyrte til denne stamma er funne nær Novilara. Dei nordlege områda av Piceni vart invadert på 300-talet fvt. vart invadert av galliske senonarar og då romarane kom til dette området vart folkesetnaden ei blandinga av desse to gruppene.

Under romarane vart Via Flaminia bygd ved Pesaro, som vart eit handels- og handverkssentrum. Etter fallet til Vestromarriket vart Pesaro okkupert av austgotarar og øydelagd av Vitigis (539) under gotarkrigen. Han vart bygd opp att på berre fem år etter at austromarane gjenerobra området og danna ein del av den såkalla Pentapolis, ein del av Eksarkatet Ravenna. Etter at langobardar og frankarar erobra byen vart Pesaro ein del av Kyrkjestaten.

Under renessansen vart han styrt av familiane Malatesta (1285-1445), Sforza (1445-1512) og Della Rovere (1513-1631). Under sistnemnde, som gjorde byen til hovudstad i hertugdømet sitt, hadde Pesaro ein gullalder der det vart bygd mange flotte offentlege og private bygg.

11. desember 1860 gjekk troppar frå Piemonte inn i byen og Pesaro vart så annektert til det nye Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pesaro