[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Riksväg 70

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksväg 70 (til høgre på bildet) kryssar Dalälven tre gonger, mellom anna mellom Avesta og Hedemora.
Riksväg 70 sør for Sala

Riksväg 70 er vegen mellom Enköping i søraust og den norske grensa ved Flötningen (37 km vest for Idre) i nordvest, via mellom anna Sala, Avesta, Hedemora, Säter, Borlänge, Rättvik, Mora og Älvdalen. Han er nasjonal stamväg mellom Enköping og Mora.

Riksväg 70, som er ein del av Stockholmsvägen for det meste av folk i Dalarna, er ca 430 km lang. På norsk side av grensa held vegen fram som Fylkesveg 218.

Vegen er skilta nordover mot Mora, deretter Røros (Noreg). Sørover er vegen skilta mot Mora, deretter Enköping.

<-- ikkje ferdig omsett

Standard og planar

[endre | endre wikiteksten]

Vegen har varierande standard. Mellom Säter og Borlänge er den motortrafikled.
Planane for vegen inkluderer:

  • Simtuna-Kumla som ligg sør for Sala, cirka 2020.
  • Planfri landsväg, bygd med midtrekkverk på eksisterande strekning, søndre AvestaHedemoraSäter. Delen Hedemora–Säter vart utført i 2009. Delen Avesta–Hedemora i 2010 og Brovallen–Avesta truleg 2011.
  • Krysset med Smedjebacksvägen utanfor Borlänge, blir bygd om, cirka år 2016.
  • Utbetring av befintlig sträckning Borlänge - Rättvik (tidsplan uviss).
  • Genomfart Mora, utbetring av eksisterande veg. Truleg rundt 2017.-->

Ein veg mellom Stockholm og Dalarna som var køyrbar med hest og vogn har eksistert sidan mellomalderen, sjå Dalkarlsvägen.

I perioden frå 1940-talet til 1962 hadde vegen på strekninga Enköping - Borlänge - Mora namnet Riksväg 12, og det nummeret galdt til og med frå Stockholm. Strekka Mora - Särna - norskegrensa heitte då Länsväg 295. I 1962 innførte ein namnet Riksväg 70 i staden på strekka Enköping - Mora. Strekninga Mora - norskegrensa heitte länsväg 295 heilt til starten av 1990-talet, då den fekk namnet riksväg 70.

Motortrafikkvegen Säter-Borlänge vart bygd i perioden 1972-74, då òg omkøyringa forbi Avesta vart bygd. Tidleg på 1980-talet det bygd ei omkøyring rundt Sala. Vegen forbi Gagnef og Djurås vart bygd i 1960-61.

Den tidlegare vegen mellom Broddbo og Sala var veldig smal og det i kombinasjon med den dårlege gjennomfarten i Sala danna "Salaproppen". Den vart gjort om med ei ny omkøyring vest for Sala som er 2+1-veg og 18 km lang. Den nye vegen vart ferdig i november 2008.

Dei øvrige strekningane er eldre, somme 1800-talsstrekningar eller eldre som er asfaltert og lett utvida. Straks utanfor Kumla kyrkby sør for Sala passerer riksväg 70 jarnbanelinja Sala-Oxelösund via eit plankryss, som tidvis er skuld i lange køar på riksvegen. Plankryss med jernbane er no (2009) ganske sjeldsynte på det svenske riksvegsnettet, særskilt på ein stamveg som denne.

Knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Dalarnas län

Älvdalen kommune
Mora kommune
Rättvik kommune
Gagnef kommune
Borlänge kommune
Säter kommune
Hedemora kommune
Avesta kommune
  • 68 Åsbo, felles trasé til Mästerbo
  • 68 Mästerbo

Västmanlands län

Sala kommune

Uppsala län

Enköping kommune