[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Runa Førde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runa Førde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. februar 1933
Oslo
Død

28. juli 2017 (84 år)
Stokke kommune

Yrke illustratør, kunstmålar, grafikar

Runa Karin Førde (24. februar 193328. juli 2017) var ein norsk målar, grafikar og illustratør.[1]

Førde blei fødd i Oslo. Ho utdanna seg ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1949–1953) og Statens kunstakademi (1953–1957). Ho debuterte som illustratør allereie i 1945 med teikningar til Ragna Breda si bok Lisemor i krig og fred. Ho illustrerte fleire bøker, særleg barne- og lesebøker, og vekte merksemd med skildringane sine av kvardagslivet i Kina i samtida. Ho hadde elles utsmykkingsoppdrag, mellom anna for Gimsøy skule i Skien, og deltok på ei lang rekkje utstillingar. Runa Førde er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet i Oslo.

Runa Førde budde i Stokke kommune i Vestfold.

  1. «Nekrolog: Runa Førde». Aftenposten. 3. august 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]