Vestre Porsgrunn kyrkje
Vestre Porsgrunn kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Mahlum
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Porsgrunn | ||
Fellesråd | Porsgrunn | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Joen Jacobsen (byggm.) | ||
Teknikk | sinklaft | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 16. mars 1758 | ||
• Endringar | 1766, 1777, 1830, ca. 1900, 1930-åra, 1956 | ||
Tårn | i vest | ||
Preikestol | 1758 | ||
Altartavle | Søfren Nielsen, bilete nederlandsk (motiv: Nattverda) | ||
Orgel | Ernst Junker, 1995 | ||
Sitjeplassar | 250[1] | ||
Vestre Porsgrunn kyrkje 59°08′31″N 9°38′30″E / 59.14194444°N 9.64166667°E | |||
Wikimedia Commons: Vestre Porsgrunn kirke |
Vestre Porsgrunn kyrkje eller Imauels kyrkje (også kjent som Vestsidens kirke) er ei langkyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen og innvigd 16. mars 1758. I 1766 fekk kyrkja bordkledning, og i 1777 vart det gjort om på interiøret. Mellom anna vart korskillet fjerna, og kyrkja fekk tønnekvelving med påmala himmel og skyer. I 1830 fekk kyrkja sakristitilbygg i aust, og omkring 1900 vart interiøret endra: Kvelvinga måla kvit, veggene fekk panel og mykje av inventaret vart skifta ut. Det vart gjort om på dette ved restaureringar i 1930-åra og 1956.
Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1690. Der stod det i si tid eit gravkapell. Sidan er kyrkjegarden fylt opp, og ny kyrkjegard er teken i bruk ved Tørmo, der ein finn eit gravkapell frå 1914 (ombygd 1957).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hoel, Per R.; Jacobsen, Ola Horg, red. (2008). Vestre Porsgrunn kirke 1758-2008. Immanuelkirken. Porsgrunn.
- Norby, Truls E. (2010). Kirken og byen. En beretning om Porsgrunns kirker gjennom 250 år. Porsgrunn: Norgesforlaget. ISBN 978-82-92765-41-8.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Vestre Porsgrunn kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 40-41. ISBN 82-90695-00-4.
- Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Vestre Porsgrunn kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 146-149. ISBN 82-91399-10-7.
- «Vestre Porsgrunn kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 499. ISBN 82-7527-022-7.
- Vestre Porsgrunn kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Kunsthistorie.com
- Porsgrunn kyrkjelege fellesråd Arkivert 2014-01-03 ved Wayback Machine. om kyrkjene i kommunen