[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Vibo Valentia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vibo Valentia
by
Land  Italia
Region Calabria
Provins Vibo Valentia
Areal 46,57 km²
Folketal 31 092  (1. januar 2023)
Borgarmeister Francesco Mario Sammarco
Postnummer 89900, 89811
Retningsnummer 0963
Kart
Vibo Valentia
38°40′31″N 16°05′45″E / 38.675277777778°N 16.0959°E / 38.675277777778; 16.0959
Wikimedia Commons: Vibo Valentia

Vibo Valentia er ein by sør i Italia, nær Tyrrenhavet. Han er hovudstad i provinsen Vibo Valentia i regionen Calabria og har om lag 35 000 innbyggjarar. Byen er eit handels-, jordbruks- og turistsenter (dei mest kjende stadane i nærleiken er Tropea, Ricadi og Pizzo) i provinsen. Svært viktig for lokaløkonomien er hamna Vibo Marina.

Vibo Valentia var opphavleg ein gresk koloni kalla Hipponion. Han vart truleg grunnlagd rundt 600-talet fvt. av innbyggjarar frå Locri, ein viktig by i det italienske Magna Graecia, sørvest for Vibo Valentia ved Det joniske havet. Diodorus Siculus skriv at byen vart erobra i 388 fvt. av Dionysius den eldre, tyrann i Siracusa, som deporterte alle innbyggjarane. Innbyggjarane kom tilbake i 378 fvt. med hjelp frå Kartago. Dei nest åra kom Hipponion under bruttiane sitt styre, som kontrollerte det meste av Calabria. Etter at byen kom inn under romarane vart namnet latinisert til Hipponium. Byen vart ein romersk koloni i 194 fvt. med namnet Vibo Valentia. Etter ein periode med velstand seint i Republikken og tidleg i Romarriket, vart byen nesten forlaten etter Romarriket sitt fall. I 1070 bygde normannarar ei borg der den gamle akropolisen låg, og i 1235 vart ein ny by grunnlagd her av Fredrik II, den tysk-romerske keisaren og konge av Sicilia. Byen fekk namnet Monteleone. Byen fekk først sitt gamle romerske namn Vibo Valentia i 1928.

  • Denne artikkelen bygger på «Vibo Valentia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition. Columbia University Press. 2001. [1]
      • The Princeton encyclopedia of classical sites; Stillwell, Richard. MacDonald, William L. McAlister, Marian Holland. Princeton, N.J. Princeton University Press. 1976. ISBN 0-691-03542-3 [2]