[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Vilsandi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilsandi
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 58°23′N 21°51′E

Areal 8,75 km²

Administrasjon
Land Estland
Maakond Saare maakond

Demografi
Folketal 30

Vilsandi er ei øy i Estland. Øya ligg vest for Saaremaa i Austersjøen. Vilsandi har eit areal på om lag 9 km². Ho er den vestlegaste busette øya i Estland, med eit innbyggjartal på rundt 30. Øya er ein del av kommunen Kihelkonna vald i Saare maakond.

Vilsandi oppstod for berre om lag 350 år sidan, då fleire mindre øyar voks saman på grunn av landhevinga etter siste istid. Visst havet held fram å søkke, vil Vilsandi til slutt òg vekse saman med Saaremaa. Vilsandi vart busett først på 1700-talet, då bønder frå Saaremaa flytta ut på øya. På det meste budde nesten 200 menneske på Vilsandi.

Nordvest på øya finst eit fyr frå 1809. I 1910 vart eit av dei første fuglevernområda i Austersjøen oppretta på og rundt Vilsandi. Verneområdet vart i 1993 gjort om til nasjonalpark. Økosystemet i området er svært sårbart på grunn av at mange trekkfuglar hekkar og raster der. Jakt på fugl er forbode i nasjonalparken. Nasjonalparken er eit populært område for turistar, ikkje berre for estlendarar, men òg for finnar, som vitjar Estland i stadig større mengder.

Vilsandi kan ein nå med båt frå Papisaare på Saaremaa. Det er òg mogleg å køyre med jeep eller vade til øya ved lågvatn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]