[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Konsonant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. november 2015 kl. 22:24 av Trondtr (diskusjon | bidrag) (fjerna Kategori:Lingvistikk med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Konsonantar eller medlydar er i fonetikken lydar i talespråket som er slik at luftstraumen treffer på ei eller fleire hindringar på vegen frå lungene til munnen eller nasen. Det vil seie at til dømes t og v er konsonantar, medan a og o ikkje er det.

I fonologien er hovudregelen at ein konsonant ikkje er stavingsberande. På det grunnlaget kan ein seie at n på norsk som regel er ein konsonant. Den norske j-en blir i mange variantar av norsk uttala akkurat som ein kort i, som er ein vokal. Men likevel blir han rekna for å vere ein konsonant (eller stundom for ein halvvokal), sidan han ikkje er stavingsberande.