[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Lekafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 18. august 2012 kl. 20:55 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: endra Kategori:Leka til Kategori:Leka kommune; kosmetiske endringar)

Lekafjorden er ein fjord i Leka og Nærøy kommune i Nord-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover langs austsida av øya Leka.

I sør startar fjorden som ei fortsetjing av Risværfjorden mellom Edøyan i sør og Solsemholmen i nord. Fjorden går først austover mellom øya Dolma i sør og Madsøya i nord. Like aust for Dolma ligg Gulholmen og frå her går Årsetfjorden søraustover, medan Lekafjorden snur nordaustover på austsida av Madsøya. Nord for Madsøya ligg Husby. Frå her går det ferje over til Sør-GutvikaAustra i aust. Fjorden endar i nord mellom Skeisneset i vest og Stongsholmane i aust.